Søknadsskjema

Fyll inn alle punkta i søknadsskjemaet. Du kan laste opp tilleggsdokument med kostnads- og finansieringsplan saman med det utfylte søknadsskjemaet, dersom du har relevant informasjon utover det du får med på søknadsskjemaet.

Ta kontakt på e-post eller telefon dersom du har problem, så finn vi ei løysing på korleis dette skal gjerast. Dersom informasjonen du har lagt fram er ufullstendig, eller søknaden kjem inn etter fastsette fristar, kan handsaminga av søknaden bli utsett. Så langt som råd vil vi ta kontakt for meir informasjon dersom vi ser dette som naudsynt.

Søknadsfristar

Søknadsfrist vår: 1. april
Søknader til denne dato gjeld for midlane som Sparebankstiftinga Seljord får som avkastning på sitt eigarskap i Sparebanken Din. Desse midlane skal i all hovedsak gå til lag og foreiningar i Seljord kommune.

Søknadsfrist haust: 01. Oktober
Søknader til denne datoen gjeld for midlane som Sparebanken Din har sett av som sponsormidlar og som skal administrerast gjennom Sparebankstiftinga Seljord.

Det skal delast ut inntil kr. 500.000,- og det er alle lag og foreiningar i Vest-Telemark som kan søkje. Det vert forventa at dei som får tildela midlar, aksepterar at Sparebanken Din får profilere seg hjå laget/forreninga. Det vert gjort avtale om dette, før midlar vert utbetala.

Ein brukar same søknadsskjemaet både vår og haust.

Det er berre søknader som vert innvilga som får varsel om innvilga sum. Alle søknader som vert innvilga blir også registrert i tabellen under fana «Gåvemottakarar»

Kven blir prioritert?

Sparebankstiftinga Seljord deler ut gåver til allmennyttige formål i Seljord.

Stiftinga delar ikkje ut gåver til:

  • Ordinær drift, medrekna husleige og løn eller naturlege sponsorobjekt.
  • Støtte til reiser i samband med arrangement og turneringar.
  • Stiftinga begrunnar ikkje avslåtte søknader.