Skipa 4. oktober 2013
1 Alminnelege reglar
§ 1-1 Firma og forretningskontor
Stiftinga sitt namn er Sparebankstiftinga Seljord. Stiftinga sitt forretningskontor er i Seljord kommune.
§ 1-2 Føremål
Stiftinga sitt føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Din. Stiftinga kan i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til sikkerhet, risikospreiing, likviditet og avkastning. Stiftinga kan disponere overskot og dele ut utbyttemidlar til allmennyttige føremål. Stiftinga skal i si utdeling av utbyttemidlar først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen i Seljord Sparebank. I si verksemd skal stiftinga gjennom sitt eigarskap i Sparebanken Din og vidareføring av sparebanktradisjonar sikre eit godt regionalt forankra sparebanktilbod i Øvre Telemark (Midtre og Vestre Telemark). Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.
§ 1-3 Stiftinga sin kapital
Stiftinga vert skipa med 1 389 712 eigenkapitalbevis, kvar lydande på kr. 100 i Sparebanken Din og eit kontantbeløp på kr 2 millionar. Stiftinga si grunnkapital skal utgjere kr 90 millionar. Stiftinga kan motta ytterlegare midlar utover avkastning på stiftinga sin kapital etter samtykke frå styret i stiftinga. Avgjerd om at slike midlar skal leggast til grunnkapitalen, vert teken av generalforsamlinga. Stiftinga kan ikkje motta midlar dersom det er knytt vilkår til disponeringa som ikkje er i samsvar med stiftinga sitt føremål.
§ 1-4 Utferding av eigenkapitalbevis og opptak av lån
Stiftinga kan utferde eigenkapitalbevis og ta opp lån i samsvar med dei rammer som til kvar tid går fram av regelverket for sparebankstiftingar.
2 Stiftinga sine organ.
§ 2-1 Organa
Stiftinga skal ha generalforsamling, styre og valkomité. I tillegg kan stiftinga tilsetje ein dagleg leiar.
§ 2-2 Val av generalforsamlinga
Generalforsamlinga skal bestå av 10 medlemer og 5 varamedlemer. Generalforsamlinga si samansetjing skal spegle kundestrukturen i Seljord Sparebank som skipa stiftinga, andre interessegrupper og samfunnsmessige interesser knytt til sparebankstiftinga si verksemd. Medlemene og varamedlemene skal veljast av innskytarar i Sparebanken Din med bustadadresse i Seljord kommune. Medlemene veljast av og blant innskytarar som dei siste 6 månadene før kunngjeringa av valet har hatt bustadadresse i Seljord kommune og innskot i Sparebanken Din over eit bestemt beløp som vert fastsett av styret i stiftinga. Ingen innskytar kan gje meir enn ei stemme. Valet skal førebuast av valkomiteen og organiserast av styret i stiftinga. Valet skal kunngjerast i minst ei lokaldekkande avis seinast 14 dagar før valet skal finne stad, og elles slik styret bestemmer. Valet kan gjennomførast ved brev, inkludert elektronisk post eller annan forsvarleg måte etter styret si nærare avgjerd. Generalforsamlinga vert vald for 4 år. Varamedlemer skal veljast for 1 år. Vala til generalforsamlinga skal gjennomførast innan utgangen av april månad. Attval kan finne stad. Generalforsamlinga vel sjølv leiar og nestleiar. Val av medlemer eller varamedlemer til generalforsamlinga skal skje innanfor den til kvar tid gjeldande lovgjevinga. Medlemer og varamedlemer av generalforsamlinga må ikkje ha styreverv eller vera tilsette i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din. Dersom noko medlem i løpet av funksjonstida kjem i ein slik situasjon, kjem eit varamedlem inn i vedkomande sin stad. Dersom ein varamedlem kjem i nemnde situasjon, går vedkommande ut som varamedlem. Første ordinære val til generalforsamlinga vert gjennomført i samband med ordinær generalforsamling i stiftinga året etter opprettinga av stiftinga. Ved opprettinga av stiftinga veljer forstandarskapet i Seljord Sparebank medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga. Annankvart år veljast 5 nye medlemer av generalforsamlinga. Det vert avgjort ved loddtrekning kva medlemer som skal tre ut. Varamedlemer er på val kvart år.
§ 2-3 Møta i generalforsamlinga
Innan 1. juli kvart år skal stiftinga gjennomføre ordinær generalforsamling, første gong i 2014. Generalforsamlinga vert gjennomført der stiftinga har forretningskontor. I den ordinære generalforsamlinga skal følgjande saker handsamast og avgjerast:
- Val av styremedlemer.
- Val av medlemer til valkomité.
- Fastsetje godtgjersle til medlemer av generalforsamlinga, styret og valkomiteen.
- Val av revisor og fastsetning av revisor si godtgjersle.
- Føre tilsyn med stiftinga si verksemd.
- Godkjenning av årsrekneskap og årsmelding.
- Vedta gransking.
- Vedta, etter forslag frå styret, bruk av året sitt overskot, inkludert kor stor del av året sitt overskot som skal brukast til gåveføremål.
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga som saksførebuande, rådgjevande eller avgjerande organ. I tillegg skal generalforsamlinga etter forslag fra styret handsame og avgjere:
- Endring av stiftinga sine vedtekter.
- Vedta omdanning av stiftinga.
- Avhending av eigenkapitalbevis i Sparebanken Din som vart tilført stiftinga ved skiping etter § 1-3.
- Forvalting av stiftinga sine midlar gjennom samtykke til omdanning av Sparebanken Din til aksjebank/allmennaksjebank, fisjon av banken og avhending av ein vesentleg del av Sparebanken Din verksemd.
- Oppløysing av stiftinga.
- Generalforsamlinga vert innkalla av styret. Ved kjent forfall vert varamedlemer innkalla. Styret kan avgjere at det skal kallast inn til ekstraordinær generalforsamling. Styret skal kalle inn til ekstraordinær generalforsamling når revisor eller minst 3 av generalforsamlinga skriftleg krev det for å få handsama eit bestemt emne. Innkalling til generalforsamling skal innehalde opplysningar om tid og stad for møtet, og dei saker som skal handsamast på generalforsamlinga. Innkalling til ordinær generalforsamling skal sendast seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Innkalling til ekstraordinær generalforsamling skal kunngjerast seinast 7 dagar før generalforsamlinga om ikkje ein lengre frist følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjevinga. Eit medlem har rett til å få handsama ei sak meldt skriftleg til styret innan ei veke før møtet i generalforsamlinga vert halde. Kvart enkelt medlem av generalforsamlinga har ei stemme i generalforsamlinga. Generalforsamlinga kan ta avgjerd når minst 2/3 av medlemene er til stades. Ei avgjerd i generalforsamlinga krev simpelt fleirtal av dei avgjevne stemmene om ikkje anna er fastsett i lov eller vedtekter. Avgjerder som nemnd i punkt 10 til 14, krev tilslutnad frå minst 2/3 av alle medlemer av generalforsamlinga. Avgjerd om sal av eigenkapitalbevis som inngår i stiftinga sin grunnkapital eller som tek stiftinga sin eigarandel ned under 45 prosent av eigarandelskapitalen, krev tilslutnad frå minst 3/4 av alle medlemene i generalforsamlinga. Avgjerd om oppløysing og om endring av vedtektene skal leggast fram for rette styresmakter for godkjenning. Styreleiar skal møte på generalforsamlinga. Dei andre styremedlemene og dagleg leiar har møterett. Det skal førast protokoll over forhandlingane. Protokollen skal underskrivast av møteleiaren og to andre personar som vert peika ut av generalforsamlinga blant dei som er til stades.
§ 2-4 Styret
Stiftinga skal ha eit styre på 4 medlemer og 2 varamedlemer. Styret skal ha den myndigheit og ansvar som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjevinga og desse vedtektene. Styret, eller den styret utpeikar, skal representere stiftinga på eigenkapitalbeviseigarmøte i Sparebanken Din. Styremedlemer, inkludert styreleiar, vert valde av generalforsamlinga for to år om gongen. Ved skiping av stiftinga velgjer forstandarskapet i Seljord Sparebank medlemer og varamedlemer til styret. I første periode tenestegjer halvparten i 1 år. Attval kan finne stad. Samansetjinga av styret skal reflektere samansetjinga av dei gruppene som har stemmerett på generalforsamlinga. Medlemer og varamedlemer av styret skal fylle dei krav som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjeving. Medlemer og varamedlemer av styret må ikkje ha styreverv eller tilsetjing i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Din. Dersom noko medlem kjem i ein slik situasjon i løpet av funksjonstida, kjem varamedlemet inn i vedkomande sin stad dersom det er oppnemnd varamedlemer, elles vert det gjennomført suppleringsval. Dersom det er varamedlemet som kjem i nemnde situasjon, går vedkomande ut som varamedlem.
§ 2-5 Forvaltinga av stiftinga sine midlar
Styret forvaltar stiftinga sine midlar eller fastset nærare retningsliner for dette. Styret skal syte for at stiftinga sine midlar vert forvalta i samsvar med stiftinga sitt føremål, jfr. § 1-2, og at verksemda er i samsvar med dei til kvar tid gjeldande reglar og stiftinga sine vedtekter.
§ 2-6 Disponering av stiftinga sine midlar
Styret står for utdeling av gåver innanfor dei rammer som er bestemt av generalforsamlinga om bruk av året sitt overskot. Styret kan overlate til generalforsamlinga ta avgjerd om utdeling til enkelte gåveføremål.
§ 2-7 Styret si sakshandsaming
Styret skal handsame saker i møte med mindre styreleiar finn at saka kan handsamast skriftleg eller på annan trygg måte. Årsrekneskap og årsmelding skal handsamast i møte. Dersom det er tilsett dagleg leiar, skal dagleg leiar møte i styremøta. Styreleiar skal syte for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemene kan krevje at styret skal handsame bestemte saker. Styrehandsaming skal varslast på føremålstenleg måte og med rimeleg frist. Styret kan ta avgjerd når meir enn halvdelen av medlemene deltek i styrehandsaminga. Styret kan likevel ikkje ta avgjerd utan at alle styremedlemene, og ved kjent forfall deira eventuelle varamedlemer, så vidt mogeleg er gjeve høve til å delta i handsaminga av saka. Ei avgjerd av styret krev at eit fleirtal av dei styremedlemene som tek del i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved likt stemmetal gjeld det som styreleiar har stemt for. Er styreleiar ikkje til stades, gjeld det som møteleiaren har stemt for. Det skal førast protokoll over styrehandsaminga.
§ 2-8 Inhabilitet
Eit styremedlem må ikkje ta del i handsaming eller avgjerd av spørsmål som har slik særleg betyding for eigen del eller for nokon nærståande, at medlemen må seiast ha en framtredande personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Eit styremedlem kan heller ikkje ta del i sakshandsaminga eller avgjerda når vedkomande eller nokon nærståande har stilling eller tillitsverv i ein privat eller offentleg institusjon, organisasjon eller eit føretak som har økonomisk eller anna framtredande særinteresse i saka, eller når vedkomande i slik eigenskap tidlegare har teke del i handsaminga av saka. Ved offentleg stilling eller verv er vedkomande likevel ikkje inhabil i saker som gjeld disponering av midlar til fordel for det offentlege.
§ 2-9 Representasjon utad
Styreleiar eller to av styrets sine medlemer i fellesskap teiknar stiftinga sitt firma. Styret kan meddele prokura og spesialfullmakter.
§ 2-10 Dagleg leiar
Styret kan tilsetje ein daglig leiar. Dersom omfanget av dei oppgåvene som skal utførast av den daglege leiinga tilseier det, kan styret i staden inngå oppdragsavtale med person eller selskap om utføring av oppgåvene som dagleg leiar. Dagleg leiar står for den daglege leiinga av stiftinga si verksemd, og skal følgje dei retningsliner og pålegg som styret har gjeve. Dagleg leiar skal effektuere dei utdelingar stiftinga gjer, og syte for at det blir allment kjent at midlane stammar frå Sparebankstiftinga Seljord. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som er av uvanleg art eller har mykje å seie. Dagleg leiar skal syte for at selskapet sine rekneskap er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltinga er ordna på ein trygg måte. Dagleg leiar må ikkje ha styreverv eller vere tilsett i selskap som konkurrerer med Sparebanken Din eller eit anna selskap i same konsern som Sparebanken Din.
§ 2-11 Valkomiteen
Generalforsamlinga velgjer ein valkomité som består av 3 medlemer og 1 varamedlem, inkludert leiar av valkomiteen. Valet vert gjennomført blant generalforsamlinga sine medlemer. Valet gjeld for 2 år om gongen. Ved skiping av stiftinga vert valkomiteen vald av forstandarskapet i Seljord Sparebank. I første periode tenestegjer 1 medlem i 1 år. Det vert avgjort ved loddtrekning kva medlem som skal tre ut. Attval kan finne stad. Valkomiteen skal førebu val av medlemer og varamedlemer til henholdsvis styret, generalforsamlinga og valkomiteen. Valkomiteen si innstilling skal grunngjevast.
3 Andre tilhøve
§ 3-1 Disponering av årsoverskot – dekking av underskot
Stiftinga sitt overskot skal disponerast i samsvar med stiftinga sitt føremål, jfr. § 1-2 innanfor dei rammer som følgjer av den til kvar tid gjeldande lovgjeving. Underskot, etter styret sine disponeringar, vert dekka først av fri eigenkapital, deretter av grunnkapitalen.
§ 3-2 Disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing av stiftinga
Ved oppløysing skal stiftinga sine midlar gå til fremjing av sparebankverksemd etter nærare avgjerder tekne av generalforsamlinga. Som sparebankverksemd vert i denne samanheng også rekna fremjing av Sparebanken Din si verksemd under føresetnad av at banken driv verksemd i dei distrikta der Seljord Sparebank dreiv verksemd tidligare. Avgjerd om disponering av stiftinga sine midlar ved oppløysing skal leggast fram for rette styresmakter for godkjenning.