Gåvetildelingar, vår 2025

 

Sparebankstiftinga Seljord hadde invitera mange av dei som i år fekk tildeling frå gåvemidlane vi har fått frå banken vår, Sparebanken Din Telemark.
Sparebanken Din Telemark, har også i 2024 hatt eit svært godt år, med stort overskot, noko som gjer til at vi får midlar til utdeling.

Vi hadde samling på Granvin Kulturhus den 7 mai, med svært mange oppmøtte, som vist på bilda.

Og så var vi så heldinge å få med oss Sparebanken Din Telemark, til å gje ei ekstra gåve til Granvin Kulturhus sitt 30 års jubileum, så då vart det overrekt to sjekkar på kr. 30.000,- kvar til dagleg leiar Geir Jenssen.