Lag og organisasjonar i Seljord. Det kan også gjevast gåver til lag og organisasjonar i andre kommunar i Vest-Telemark i særskilde tilfelle.

For søknaden med frist 1. oktober gjeld dette særskilte gåvemidlar som er løyvd frå Sparebanken Din, og administrert gjennom Sparebankstiftinga Seljord. Desse midlane skal gå til lag og foreningar i heile Vest-Telemark.