Glade mottakarar takkar så mykje for støtta.

Tusen takk for støtta vi har fått frå Sparebankstiftinga Seljord, som saman med Dyrskudugnaden og støtta frå næringslivet i Seljord er avgjereande  for at vi i Seljord Idrettslag kan ha eit breitt og godt tilbod til alle våre medlemar i alle aldrar til ein til ein svært låg kostnad for den einskilde.

Tellef Solås
Leiar Seljord IL

Tusen takk for støtte til å klassesett av Norsk barneblad til 5.klassingane i heile Seljord kommune! Her er to foto og litt tekst de kan bruke. Lærar er Øyfrid Garborg Sande Aufles.

Torunn Raftevold Rue

På vegne av Seljord kyrkjelege fellesråd takkar eg så mykje for gåva på kr 30 000

Jon Svartdal

Over 230 ungdommar samla til Konfirmant Kick-off i Husdyrhallen på Dyrskuplassen, våren 2018. Mange morosame aktivitetar samla på ein kveld, som vert avslutta med eit stort skumparty.

Ungdomspresten i Seljord

Sparebankstiftinga har delfinansiert ny scooter til løypekøyring i Svartdalsheiane. Gjennom heile vinteren vert det lagt spor heilt til Svafjell (Hovet dersom dårleg framkomlegheit med scooter) og vi har svært mange skiløperar som nytter løypene våre.

Guro Mæland
Kategorier: Takkebrev