Kven kan søkje?
Lag og organisasjonar i Seljord. Det kan også gjevas gåver til lag og organisasjonar i andre kommunar i Vest-Telemark i særskilde tilfelle. For søknaden med frist 30. september gjeld dette særskilte sponsormidlar som er frå Sparebanken Din, og administrert gjennom Sparebankstiftinga Seljord. Desse midlane skal gå til lag og forreningar i heile Vest-Telemark.
Når får eg svar på søknaden?
Innan to månader frå søknadsfristen skal styret ha handsama søknadane og gjeve svar.
Kan eg søkje utanom søknadsfrist?
Nei. Søknader skal sendast i samband med søknadsfristar, og søknadsskjemaet på stiftinga si nettside skal nyttast ved innsending av søknader.
Kan eg sende inn vedlegg til søknadsskjemaet?
På søknadsskjemaet er det mogleg å legge ved vedlegg. Stiftinga tek kontakt med gåvesøkjar dersom det trengst meir informasjon enn det som kjem fram i søknadsteksten.
Korleis veit eg at søknaden har kome fram?
Når søknaden er sendt via søknadsskjemaet på nettsida vår, skal du motta ein e-post med stadfesting på at han er motteken. Stadfestinga kjem til den e-posten du skreiv inn på søknadsskjemaet. Sjekk at det er ei kvittering på innsendte søknader!
Kva gjer eg viss eg ikkje har motteke e-post med stadfesting på at søknaden har kome fram?
Stadfestinga vert sendt til den e-postadressa du har lagt inn i søknaden. Dersom du ikkje har motteke denne, kan det væra at søknaden din ikkje har blitt sendt, eller at svaret er blitt sortert under søppelpost (spam) i innboksen hjå deg. Dersom du ikkje finn ei stadfesting på motteken søknad, skal du kontakte administrator for stiftinga. Klikk her.
Er det mogleg å få meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar?
Frivillige organisasjonar eller andre som driv med frivillig arbeid og betaler meirverdiavgift, kan søkje om momskompensasjon. Ordninga vart etablert i 2010 og forvaltast av lotteri- og stiftingtilsynet.
Kva gjer eg dersom eg ikkje har tilgang til PC eller kan fylle ut søknadsskjema elektronisk?
Ta kontakt med oss via vanlig brev eller telefon, og be om å få oversendt vanleg søknadsskjema og rekneark i papirform.

Fant du ikkje svar på spørsmålet ditt?

Send oss ein epost til olav@vtnu.no så skal vi hjelpe deg vidare.