Ein hyllest til treningsgleda

Gledestårer, heiarop og seiersbrøl. Seljord IL lokkar fram store følelsar hos både medlemmer og frivillige. Støtta frå Sparebanken DIN og Sparebankstiftinga er avgjerande for at idretten skal famne flest mogleg, seier leiar Tellef Solås.

Det er ingen tvil om at Seljord IL gjer sitt for å løfte både kondisjon og lagånd blant innbyggarane i kommunen. Med nærare 600 medlemmer og eit breitt aktivitetstilbod, kan både barn og vaksne dyrke treningsgleda i nærmiljøet. Sparebanken DIN og Sparebankstiftinga er blant aktørane som støttar den viktige innsatsen til idrettslaget.

– Den årlege sponsorstøtta frå Sparebanken DIN er uvurderleg for å kunne bevare eit godt og rimeleg aktivitetstilbod i bygda. Ikkje minst er me utruleg takknemlege for dei mange pengegåvene me har mottatt dei siste åra, seier Solås.

Heiar på dei frivillige

Den engasjerte leiaren ser på støtta frå næringslivet som ein hyllest til treningsgleda. Han beskriv det som ein fin måte å heie fram dei mange frivillige ildsjelene i Seljord på. Å skape stadig fleire idrettsarenaer, kor særleg barn og unge kan la seg engasjere, gagnar til sjuende og sist heile bygda.

– Pengegåvene fra Sparebanken DIN har blant anna bidrege til det flotte idrettsanlegget på Eventyrøy. På lista over ferdigstilte prosjekt står også friidretts- og kunstgrasbanen, den store garderoberenoveringa og splitter nye tribuner, fortel Solås.

Trening for alle

Samtlege husar eit heilt unikt engasjement, slik Solås ser det. Det same gjer skianlegget, ridebanen og ishallen. Lista er lang. Som leiar av idrettslaget er Solås nemleg spesielt oppteken av at alle skal kunne finne «sin» idrett i nærmiljøet. Og ikkje minst at det skal være mogleg for alle å delta, uavhengig av økonomisk situasjon.

– Stoltheten ved å tilhøyre eit lag er uvurderleg. Det same er gleda ved å ha vunne. Likeså læring etter eit tap eller lykkefølelsen når eit mål er nådd, enten det er på fotballbanen, i skiløypa eller på hesteryggen. Derfor er det viktig at me samarbeider om å halde kontingenten så låg som mogleg, presiserer Solås.

Smittsam entusiasme

Solås har stor tru på at entusiasmen i idretten er smittsam.

– Fleirtallet av barn og ungdom i Seljord er medlemmer av idrettslaget. Det at denne gruppa dominerer ungdomsmiljøet, bidreg til gode oppvekstvilkår i kommunen vår. Idrett og aktivitet blir framsnakka blant jamnaldrande.

Engasjement er ein av grunnene til at Sparebanken DIN i Seljord fortsett å gje pengegåver til lokale formål år etter år. Me ser det som ein hyllest til alle som engasjerer seg. Til engasjerte leiarar som Tellef Solås. Til foreldre som køyrer og hentar og jubler og stiller opp. Til alle som lar seg begeistre av innsatsen. Ja, kort sagt til alle dei som står på. Takk for at dykk bidreg til ein betre kvardag for oss alle.